Showing posts with label kalender. Show all posts
Showing posts with label kalender. Show all posts

Friday, December 10, 2010

8., 9. og 10. desember

Med eksamenar på tapetet er det ikkje like mykje tid til å få oppdatert bloggen, kjenner eg.. 
Men det kjem... pø om pø... ;)

8. desember var det akedag som stod på dagsagendaen i følge adventskalenderen, og akedag blei det! Pappa, gutungen og vårt vesle dunder tok med seg skiver med nugatti, kvart sitt rumpeakebrett og snowracer'en ut. Det er godt med litt ekstra energi-mat når ein skal vere ute i kulda og leike, så nugatti-skiver kom godt med og vart forøvrig godt motteke av begge dei små :) 


I går, 9. desember, var det ein mindre aktiviserande, men like koseleg allikevel, adventsaktivitet. Då var det nemmelig bestemt at det skulle vere vaflar til kvelds. Og denslags er ikkje kvardagskost til eitt av dagens hovudmåltid, så det var hæla i taket og beina bordet-stemning på kjøkkenet! No vart det vel og merke ikkje vaflar, men lappar fordi klokka var blitt mykje før vi kom til kveldsen. Og lappar smakar like godt, om ikkje bedre, og dessutan går det raskare å steike dei ;) Litt slinger i valsen må det vere rom for! :)

Og så er det dagen i dag, den 10. desember. Utan å vite kva dag det kom, så har gutungen venta på nettopp denne dagen sidan før 1. desember. Han har gledd seg tullerusk til å gå i peparkakebyen, og i dag låg det endeleg ein lappe med bilde av eit peparkakehus i kalenderen! "JIPPI! I dag skal vi i peparkakebyen!!!" ;)

Sunday, December 5, 2010

5. desember og 2. søndag i advent

Dagens luke i adventskalenderen "inviterte" til islyktverkstad, så vi gjekk straks i gong med å finne fram utstyr; Kjøkkenbollar i ulike former og størrelsar, like mange småbeger som skal sørge for holrom i lyktene til å ha telys i, vatn og konditorfarge samt rydda plass oppi frysaren så alle bollane kunne stå vassrett :)


Vi la plastposar på kjøkkenbordet ettersom eg har rota vekk voksduken til hobbyaktivitetar, og så fekk ungane blande farga vatn ved hjelp av konditorfargar. Vi helte vatnet med ulike fargar i kvar sin bolle, putta oppi småbeger med litt vatn oppi så dei ikkje berre flaut heilt på overflata, men litt nedi vatnet på ein måte (fysj, kor dårleg eg er til å forklare dette :S) og såååå... var det tid for opprydding og plassering av bollane med vatn i frysaren. Vi må nok vente nokre dagar før vi får sette lyktene ut i minusgrader - dei må jo botnfryse fyrst ;)

Og dei fyrste minuttane av ventetida nytta vi til å nyte kvar sin heimelaga cola-is, som vi har frose av brus som hadde mista kolsyra og likevel ikkje var god å drikke lengre :) Finfin premie etter å ha vore med å lage ISlykter :D   

Saturday, December 4, 2010

3. og 4. desember

3. desember skulle vi lage/skrive julekort, men dagen blei fylt opp med andre aktiviteter, så snuppeliten valgte å ta det igjen morgonen den 4., mens guttungen då heller ville holde på med sjølvvalde aktivitetar. Greit det, ein kan ikkje tvinge på dei kalenderaktivitetar heller ;)

***

4. desember skreiv vi ynskjeliste til julenissen. Det vil seie, ettersom ingen av dei to er skrivekyndige enda, så fekk dei kvart sitt leikemagasin til å krysse ut det dei ynskjer seg i. Denne aktiviteten var meir nøysommeleg enn eg hadde planlagt, eg hadde nemmeleg tenkt å skrive ned ynskjelista på eit brevark etterpå, så vi kunne sende denne til julenissen. Men dei er berre så vidt halvvegs gjennom katalogane, for kvar ei side må scannast nøye, og likeså må kvar einaste katalogvare vurderast nøye :S ;D Hehe :)

"Men, er ikkje du litt lita til ei klistremerkemaskin?" spurde eg toåringen min, som skribla iherdig i ruta der det skulle settast kryss om ein ynsker seg gjenstanden ved sidan av. "Nei, faktisk så ønsker eg meg sånn, faktisk. Eg gjør det!" svarde ho på sin halvvaksne måte, inspirert av storebroren, men utan r'ane... Vel, ein kan ikkje legge inn vaksensensur når ynskjelista skal utarbeidast av den einskilde håpefulle, men eg er allikevel glad at eg har påverknad i høve innkjøpa til Julenissen ;P :D




Ha ei fortsatt fin adventstid :)

Thursday, December 2, 2010

2. desember

Dagens adventsaktivitet var puslespill-pusling saman :)


Enkelt, men like fullt ein koseleg fellesaktivitet! ...vi begynte med ei telle-puslespel (så fekk vi inn litt øving på éin til éin korrespondanse også), men så utvikla aktiviteten seg og det vart spelekveld heilt fram til borneTV på NRKSuper :) Giraffo er eit morosamt og enkelt spel frå Selecta, som vi absolutt kan anbefale i lag med mange andre av spela frå Selecta som vi også har i hylla vår... :)



Adventsklem frå oss

Wednesday, December 1, 2010

1. desember

I første skuffa på adventskalenderen låg det ein lappe med bilde av ein adventskrans.
Så i ettermiddag har ungane, med hjelp frå mamma og pappa, pynta kvar sin adventskrans med band, kongle, blomar, snøfnugg-brads og hjerteanheng. Dei vart veldig skjønne, det synest i alle fall skaparane sjølv, og ikkje minst dei stolte foreldrene :)




No heng kransane til pynt på kjøkkenet :D


Monday, November 22, 2010

Aktivitetskalender

Som sagt blir det aktivitetskalender her i huset i år, i form av ein fyrstikkeskekalender med ein lappe i kvar skuffe. Lappane er altså det som skal fortelle kva aktivitet vi skal gjere, men fordi mine er så små at dei enda ikkje kan lese, så må lappane informere om dette billedleg.

Difor har eg laga to ark med småbilder på. Bilda har eg henta frå nettet ved hjelp av google, og det er stort sett gratis clipart bilder, men også andre ja.. :S ...

Her er i alle fall arka, i tilfelle det er andre som kan ha bruk for noko liknande? :)
Dersom det er bilder som de ikkje forstår kva aktivitet dei er knytta til, så er det sjølvsagt berre å spørre meg her i bloggen! ..der er forøvrig fleire enn 24 aktivitetar, og det er fordi det skal vere mogeleg for mamma og pappa å bytte ut aktivitetar så seint som dagen i førevegen uten for mykje tankevirksomhet. Desember er jo ofte ein travel månad, og det er rett og slett ikkje alltid ting går som planlagt, eller passar slik ein hadde tenkt. Og då er det kjekt å ha alternativ i bakhand ;)



Dersom du venstreklikkar på bilda får du dei opp i stort format, og kan lagre dei på eigen PC for eventuell redigering og printing :) Versågod! :D