Showing posts with label jul. Show all posts
Showing posts with label jul. Show all posts

Friday, December 10, 2010

8., 9. og 10. desember

Med eksamenar på tapetet er det ikkje like mykje tid til å få oppdatert bloggen, kjenner eg.. 
Men det kjem... pø om pø... ;)

8. desember var det akedag som stod på dagsagendaen i følge adventskalenderen, og akedag blei det! Pappa, gutungen og vårt vesle dunder tok med seg skiver med nugatti, kvart sitt rumpeakebrett og snowracer'en ut. Det er godt med litt ekstra energi-mat når ein skal vere ute i kulda og leike, så nugatti-skiver kom godt med og vart forøvrig godt motteke av begge dei små :) 


I går, 9. desember, var det ein mindre aktiviserande, men like koseleg allikevel, adventsaktivitet. Då var det nemmelig bestemt at det skulle vere vaflar til kvelds. Og denslags er ikkje kvardagskost til eitt av dagens hovudmåltid, så det var hæla i taket og beina bordet-stemning på kjøkkenet! No vart det vel og merke ikkje vaflar, men lappar fordi klokka var blitt mykje før vi kom til kveldsen. Og lappar smakar like godt, om ikkje bedre, og dessutan går det raskare å steike dei ;) Litt slinger i valsen må det vere rom for! :)

Og så er det dagen i dag, den 10. desember. Utan å vite kva dag det kom, så har gutungen venta på nettopp denne dagen sidan før 1. desember. Han har gledd seg tullerusk til å gå i peparkakebyen, og i dag låg det endeleg ein lappe med bilde av eit peparkakehus i kalenderen! "JIPPI! I dag skal vi i peparkakebyen!!!" ;)

Sunday, December 5, 2010

5. desember og 2. søndag i advent

Dagens luke i adventskalenderen "inviterte" til islyktverkstad, så vi gjekk straks i gong med å finne fram utstyr; Kjøkkenbollar i ulike former og størrelsar, like mange småbeger som skal sørge for holrom i lyktene til å ha telys i, vatn og konditorfarge samt rydda plass oppi frysaren så alle bollane kunne stå vassrett :)


Vi la plastposar på kjøkkenbordet ettersom eg har rota vekk voksduken til hobbyaktivitetar, og så fekk ungane blande farga vatn ved hjelp av konditorfargar. Vi helte vatnet med ulike fargar i kvar sin bolle, putta oppi småbeger med litt vatn oppi så dei ikkje berre flaut heilt på overflata, men litt nedi vatnet på ein måte (fysj, kor dårleg eg er til å forklare dette :S) og såååå... var det tid for opprydding og plassering av bollane med vatn i frysaren. Vi må nok vente nokre dagar før vi får sette lyktene ut i minusgrader - dei må jo botnfryse fyrst ;)

Og dei fyrste minuttane av ventetida nytta vi til å nyte kvar sin heimelaga cola-is, som vi har frose av brus som hadde mista kolsyra og likevel ikkje var god å drikke lengre :) Finfin premie etter å ha vore med å lage ISlykter :D   

Monday, November 22, 2010

Aktivitetskalender

Som sagt blir det aktivitetskalender her i huset i år, i form av ein fyrstikkeskekalender med ein lappe i kvar skuffe. Lappane er altså det som skal fortelle kva aktivitet vi skal gjere, men fordi mine er så små at dei enda ikkje kan lese, så må lappane informere om dette billedleg.

Difor har eg laga to ark med småbilder på. Bilda har eg henta frå nettet ved hjelp av google, og det er stort sett gratis clipart bilder, men også andre ja.. :S ...

Her er i alle fall arka, i tilfelle det er andre som kan ha bruk for noko liknande? :)
Dersom det er bilder som de ikkje forstår kva aktivitet dei er knytta til, så er det sjølvsagt berre å spørre meg her i bloggen! ..der er forøvrig fleire enn 24 aktivitetar, og det er fordi det skal vere mogeleg for mamma og pappa å bytte ut aktivitetar så seint som dagen i førevegen uten for mykje tankevirksomhet. Desember er jo ofte ein travel månad, og det er rett og slett ikkje alltid ting går som planlagt, eller passar slik ein hadde tenkt. Og då er det kjekt å ha alternativ i bakhand ;)



Dersom du venstreklikkar på bilda får du dei opp i stort format, og kan lagre dei på eigen PC for eventuell redigering og printing :) Versågod! :D

Thursday, November 18, 2010

Ventetida og kjøpepresset

Ventida er kanskje allereie i gong ettersom butikkar og handlesenter er julepynta og minnar om at jula er like rundt svingen, men den offisielle ventetida - advent - let allikevel vente på seg til 1. desember. Heldigvis! Så har alle mammaer og pappaer eller eventuelt besteforeldre, tanter, onklar eller dei som står føre adventskalenderen til dei små og håpefulle, enda nokre dagar igjen på seg før herlegheita skal vere ferdig.

Eg må sei, eg er ikkje ein spesielt stor tilhengar av det voldsomme kjøpepresset som advent og jul dreg med seg. "Mykje vil ha meir" er eit kjent fenomen også blandt born, og når mykje får meir så vert ein gjerne mindre takknemleg og dessutan er det då ikkje lenger noko spesielt over verken julafta eller forøvrig bursdag heller. Når ein har fått gåver kvar dag i ein heil månad, kva er då spesielt med å få innpakka gåver på julafta? Det er i alle fall ikkje rart at ungane kan finne det kjedeleg å pakke opp, eller ikkje synest å vere spesielt takknemlege for å få noko i det heile så lenge det ikkje det er det største og flottaste dei skreiv på ynskjelista si... For det er ikkje alle som nøyer seg med å pakke inn ei rosineske, ein liten mjølkesjokolade eller eit hårstrikk og denslags småtteri. Nei, borna "treng" jo allikevel meir LEGO, nye prinsessetruser, Playmobil-tilbehøyr, Gormiti-figurar, Pony in my pocket-figurar eller denslags og det var salg så då fekk eg det billig, og dessutan er det jo laurdag så eg kan likesågod pakke inn ein heil godtepose og henge på kalenderen den 11. desember... Det ein ikkje tenkjer på er at dei små ungane har ikkje begrep om pengar og verdi på ting - sjølvsagt! Han eller ho ser berre at "Eg får LEGO i kalenderen!" og då er det openbart ikkje like stas med LEGO til jul, sjølv om denne er dyrare og i teorien "flottare" ettersom den ikkje var på salg... Er det rart ungane ikkje veit å setje pris på gåvene? Det er foreldre eller andre kalender-planleggarar som øydelegg det heile for ungane. Ungane sjølv har ikkje grunnlag for å vite bedre, men dei vaksne bør vite bedre.      

Difor vert det aktivitetskalender på mine små. Og så ein og annan mjølkeplett-sjokolade, på størrelse med småsjokoladane i dei reine sjokoladekalenderane, dei dagane det ikkje passar med nokon aktivitet. Ingen kinder- eller LEGO-kalender her i gården, nei. Dei får laurdagsgodt som vanleg så dei lid inga naud, og nye leikar får dei uansett til jul og bursdag, så det treng dei ikkje dagleg i løpet av adventstida. Klede får dei dessutan når dei har vekse ut av dei "gamle", jevnleg etter behov heile året igjennom så det treng dei heller ikkje få i kalenderen...

Har du óg lyst å lage aktivitetskalender til borna dine? Eller kanskje til kjærasten?
Inne på bloggen Leken Hverdag fann eg ei fin liste over forslag til aktivitetar som store og små kalender-mottakarar kan ha glede av. Så eg har nynorskifisert og gjort om lista derifrå etter eigne ynskjer. Mi inspirerte liste ser du nedanfor. (Vil du sjå originallista som eg har gått ut i frå, kan du gjere det HER).


Aktivitetar til aktivitetskalenderen: 



  • Juleverkstad: Lag julepynt, julekort, gåvelappar og liknande



  • Send julekort: Lag/skriv på og send



  • Kosekveld: Baking og smakin med kakao til, gjerne saman med vener



  • Aketur



  • Skogstur: Tenne bål og grille pølser



  • Skøytedag: Ta med solbærtoddi (NB: Husk å sjekke om isen der du bur er trygg!) 



  • Prins- eller prinsessedag: Utkledning og leik på bornets premissar



  • Pusle-/spillekveld



  • Kino- eller teaterbesøk



  • Peparkakedag: Lage og pynte peparkakehus og små peparkaker  



  • Skrive ynskjeliste til Julenissen: Gå i leikebutikken eller sjå i katalogar og drøm dykk vekk i lag. Og sjølvsagt; skriv ønskelista! Plutseleg er det LETT å kjøpe julegåve til julekvelden ;) 



  • Pynting av juletre er ein fin aktivitet den 23. desember!



  • Bildekveld: Finn frem "gamle" bilder av bornet, familie og vener og ha ei mimrestund, med "hugser du?"-historier



  • Kalender: Teikne- eller scrappekalender er ei fin gåve til besteforeldre og andre familiemedlemmer, og spesielt kjekt er det dersom bornet har laga den sjølv! 



  • Besøke favoritt onkel/tante/ven - anten bornet aleine eller eit familiebesøk. NB: Hugs å avtale på førehand, og dersom det skulle skjære seg den dagen, så er det jo berre å sjonglere med dei resterande aktivitetane slik at besøksdagen kjem ein dag det passar betre ;)



  • Besøk ein open gard (open gard vert ofte annonsert i lokalaviser ;)



  • Lag julekrans og heng på døra. Ein kan kjøpe ferdigbundet kransar klare for dekorering, eller ein kan binde kransar eller hjerter sjølv av bjørke- eller bargreiner og dekorere sjølv med band, kongler, perler eller anna ein har for handa eller har kjøpt inn spesielt. Kongler til dømes kan forresten sprayast med spraymaling, for at dei skal gjere litt meir ut av seg på kransen ;)



  • Lag søte, små pastaenglar til julepynt: Pastarør utgjer kroppen, ein pastasløyfe limast fast på baksida med ein limpistol og vert til vinger, ein makaroni på kvar side vert til armar, og på toppen ei lita isoporkule sin ein kan stikke opphengstråden gjennom ved hjelp av ei nål. Ein eventuell glorie kan lagast av små plasringar frå hobbybutikken. Hugs at lim frå limpistol er varm, så dette bør ein vaksen hjelpe til med! Før englane er ferdige, skal dei sprayast eller penslast på med sølvfarga maling, så dei vert skikkeleg julete ;) 



  • Besøke Nissehuset (i Drøbak), Peparkakebyen (i Bergen) eller anna som kan vere verdt eit besøk i nærheita av der de bur 



  • En tur i svømmehall/badeland  



  • Les høgt for bornet, ei julerelatert historie eller fortelling (Piken med svovelstikkene av H. C. Andersen, Papa Panovs julekveld av Leo Tolstoi, eller Juleevangeliet omskrive og støtta av bilder slik at det passar for born kan vere fine julefortellingar for høgtlesning. Eller kanskje veit du om andre passande bøker eller fortellingar sjølv?)



  • Sjå ein julefilm saman; set dykk godt til rette i sofakroken, med teppe og eventuelt noko godt å drikke eller bite i, og nyt ei stille hyggestund saman i ein ellers travel kvardag!



  • Heng opp fuglenek eller annan mat til småfuglane



  • Finn fram julepynt og dekorer huset/leiligheita saman med nisser, englar og/eller anna som de pleier å pynte med. 1. desember er ikkje for tidleg til å sette fram i alle fall litt av julepynten ;) 



  • Gje gåver til Frelsesarmeen slik at dei kan vidareformidle desse til trengande: Det vere seg for små men framleis heile, fine og reine klede, leikar som bornet ikkje leikar med meir som framleis er heilt og fint (hugs å vaske leikane før de pakkar dei inn, og heng på lappe med beskrivelse av innhaldet i pakken!), fine bøker som dine eigne born ikkje lenger bryr seg om å lese






  • PS: Ynskjer alle ei strålande adventstid, med eller utan pakkekalender ;)

    PPS: Dersom du lurer på korleis eg lagar til aktivitetskalenderen, så kan du HER få sjå bilder av korleis kalenderen eg har tenkt meg skal sjå ut sånn omtrentleg. Ein lapp i kvar "kalenderluke", der det står påskrevet kva aktivitet vi skal gjere den dagen, og alle lappane treng forøvrig ikkje ligge klar i kalenderen 1. desember, dei kan lett puttast oppi dagen i førevegen slik at du veit at aktiviteten den einskilde dagen med sikkerheit kan og vil bli gjennomført - det er liksom det som er hensikta med ein aktivitetskalender ;)