Monday, December 6, 2010

6. desember og strålande utelys

Dagens luke i adventskalenderen fortalde oss at vi skulle pakke inn gåve til å legge under Frelsesarmeen sitt juletre i byn. Ein fin tradisjon vi har fått synest eg - det er jo dette som er jul; Å glede andre! Og spesielt er det kjekt å kunne glede andre som ikkje har det like godt materielt sett som oss sjølve. Eg håper alle andre som har mogelegheit til å avsjå fint brukte leikar eller klede, eller eventuelt - som vi har gjort (ettersom vi jevnleg på grunn av plassmangel renskar opp i leikekassar og klesskap, og dermed kun har i hus det vi faktisk treng sjølve); Kjøpe ei ny gåve som kan pakkast inn og leggast under treet :) Éi ekstra gåve til eit born betyr ikkje all verdens for vår økonomi, men samstundes kan den glede eit born stort på julafta når gåva vert pakka opp :) Det er ikkje mykje som skal til ;)


Luka i morgon (7. desember) går ut på å få lagt pakken under juletreet i byn ;)

I dag sette vi forresten ut islyktene som vi laga på søndag. Sjå kor fint dei pynta opp ute i verandakassene våre:




2 comments:

  1. For en fantastisk hyggelig tradisjon! - og en fin måte å sette fokus på hva julen handler om.

    Likte veldig godt lyslyktene. Hvordan har du laget de?

    Klem fra Carina

    ReplyDelete
  2. Sjå på posten som er publisert rett før denne. Der har eg kort forklart korleis vi gjorde det :)

    ReplyDelete