Sunday, September 12, 2010

Monsterbursdag

I helga feira sonen her i huset 5års bursdag :) Tema hadde han bestilt sjølv; han ville ha monster-bursdag. Lett nok tenkte eg, det er jo så åpent og fritt for rammer at her er det berre å dikte fritt - i motsetnad til spiderman-, starwars- og denslags tema. Men det var visst FOR åpent :S ...ikkje lett å finne opp kruttet for å sei det sånn!

Heldigvis har dei monstertema på eingongsservise på Rema1000. Saved by the bell! Det fekk liksom tankane i gong, i tillegg til at vi frå veslesyster sin bursdag har hatt kakepynten (monsterforma sukkermasse) liggande klar.


Monster-invitasjonen laga eg sjølv med PhotoShop på skulen sine datamaskiner, ved først å laste ned og sidan klyppe ut og setje saman ulike monster i mange slags fargar, til ei fargerig folkemengd monstermengd. Teksten skreiv eg enkelt og greitt og på PC'en og fekk printa ut på baksida av arket. Kjapt, billig  og enkelt, eller kort sagt: sytalaust.

Så kom det til aktiviteten som liksom skulle vere monster-inspirert. Ungane er enda for små og urolige til at det var aktuelt å sjå til dømes monsterbedriften eller liknande teiknefilmar, dei treng action (ikkje minst med tanke på det høge blodsukkeret og energinivået som ei reinspikka følge av snopeinntaket). Når eg fabulerte om kva eg skulle finne på tok eg til å rydde papirboss, og kom då over ein lilla papirpose som eigentleg skulle kastast. Piñata er alltid kjekt, så eg bestemde meg for å lage eit wannabe-monster av ein piñata :) ...samstundes er det óg veldig kjekt med skattejakt, det syntest eg i alle fall sjølv då eg var liten :) Og ettersom det eventuelt måtte bli monsteret vi skulle leite fram, ja så vart det monsterjakt og "monsterslakt" (AKA; Pinãta-destruction)  :D *midt i blinken*

(Auga er to pappkrus, munnen ein papptallert som er klypt til med tenner,
armane er to eingongshansker og håret er av krølla gåveband)

Dermed satte eg meg til å fabulere og dikte eit passande monstereventyr som intro til jakta og "slaktinga", etter at "Monster-Kåre med det rare håret" var ferdig (håret vart til av krølla gåveband, så han hadde heilt enkelt ein rar frisyre..). Og historia om MonsterKåre vart fortalt i ein forteljar-ring før vi la ut på jakt i samla flokk - sammen er vi sterke og dermed vart det ikkje så skummelt som det kanskje kunne tenkjast for enkelte med monsterjakt ;) Forresten høyrde eg nett eit sitat frå ein forfattar som skriv skumle historier for born; "Alle fortener eit skikkeleg mareritt ein gong i blant" ;P Hehe :) (kjem ikkje på kven det var som sa det, sånn i farta...)

Her er i alle fall historia om MonsterKåre:

Visst det er nokon som kan hugse å ein gong ikkja ha fått laurdagsgodt, eller som til og med kanskje har vore i ein bursdag uten godteposar så kan det hende at godteriet har vore stole av eit vesen ved namnet MonsterKåre. Og om de ikkje har opplevd det før, så kan eg fortelle dykk, at det er slik det er med denne bursdagen..
Eg hadde laga klart godteposar til alle saman, med drops, kjærlighet på pinne og sjokolade, bretta dei fint og sett dei frå meg på kjøkkenbenken… Plutselig var klokka blitt mykje, så eg måtte skunde meg og hente (namn) på skulen/i barnehagen. Så eg lot godteposane stå på benken, og tenkte å legge alle sammen klare oppi skapet når eg kom heim att. Men då vi alle kom heim att frå barnehagen/skulen, så var ikkje godteposane på benken lengre!!! Såg du, (henvendelse til bursdagsbornet ved namn) nokon godteposar kanskje?... Nei, alle godteposane på benken var sporlaust forsvunnet, som om dei hadde fordufta i lause lufta!!!
Eg leitte over alt i heile huset og til og med utanfor huset. Men nei, verken eg eller andre heime har sett noko til godteposane i det heile etterpå, dei er og blir vekke… Eg syntest sjølvsagt at dette var grådig merkelig, men tok til å lure på ein ting: Vi har jo laga monsterinvitasjonar, og har tallerkar og glas med monster på… Kanskje var det slik at nokre monster hadde fått greie på at det skulle vere monsterfest? Kanskje dei trudde det var ein fest for monster, og ikkje ein monsterfest for heilt vanlege menneskeborn? Det endte med at eg lette litt i bøker og på internett, om eg kunne finne ei forklaring på denne merkelige hendinga, og om det kunne ha noko med monster å gjere. Og heilt tilfeldig plumpa eg over noko skrekkeleg:
Det finst eit monster som heiter nettopp MonsterKåre. Og om han stod det at han har et veldig rart hår, at han har eit stort hovud med ein munn så stor som ein middagstallerken, og augar som står ut. Han har også oppsvulma, gjennomskinnelege hender, men ingen armar og han flyt liksom i lufta som eit spøkelse i staden for å gå (han har jo ingen bein!!).
Det som er spesielt med MonsterKåre, foruten det rare håret, er at han eeeeeelskar godterier. Og det beste MonsterKåre veit er smådrops, sjokolade og kjærligheit. Men sidan MonsterKåre er eit monster kan han ikkje gå på butikken og kjøpe snop, slik som vi mennesker kan. Han har jo så skarpe tenner at menneskene hadde blitt redd han, skreket og sprunge sin veg når han ville betale, at handling av godterier har aldri vore snakk om for hans del. Derfor lusker han heller rundt i skumringen, når ingen kan sjå han, og då lurer han godteriet ut av skap, skuffer og handleposer heime hos vanlege folk som oss… Han er sluare enn reven, raskere enn vinden og kjappere en lynet…
Og når eg seier at MonsterKåre elskar lørdagsgodterier og den slags, så meiner eg ikkje berre at han elsker snopet i seg sjølv, nei han elsker til og med papiret som snopet er pakka inn i også! Difor gidd han ikkje å bruke tid på å opne papiret når han finn snop han kan rappe. Han et det med papiret på. Og ikkje nok med det, han har så stor munn og så stort svelg at han kan svelge snop med papir på sjølv utan å tygge det! Han berre kastar snopet opp i lufta, fanger det med munnen og svelger det rett ned uten så mykje som å blunke en gang… Og nettopp fordi han svelger det heilt, så trur eg vi kan ha ein sjanse til å redde snopet ut av magen på han, visst vi berre er kjappe nok så ikkje alt sammen blir om til bæsj før vi får tatt han!
Kan de vere med og hjelpe meg å få tak i han, så vi får redda snopet i dag, og så vi får tatt han ein gong for alle så ingen born opplever at lørdagsgodt og bursdagssnop forsvinner meir?


Det vi må gjere er først og fremst å leite. Og fordi vi alltid er sterkare når vi er fleire, så må vi gå på monsterjakt i lag alle saman. Og vi må vere stille så ikkje han høyrer oss før vi kjem, elles stikk han sin veg før vi får sett han ein gong! Eg har med meg det perfekte våpenet (tresverd, tregevær eller liknande), og det skal eg passe på til vi har funnet han. Den første som får auge på MonsterKåre må rope så alle veit at MonsterKåre er oppdaga, og så må vi omringe han så han ikkje kan stikke av. Deretter må ein og ein prøve å få has på han med våpenet vårt, og greier vi det så trur eg óg vi greier å redde snopet så det vert noko på kvar av oss! Alle klare? DÅ går vi...

...Og så var det berre å jakte på MonsteKåre i samla tropp. Dei som syntest det var i overkant skummelt holdt i hand, medan dei tøffare av ungane tok leiinga og førte troppen av gårde på jakt. Vi fann MonsterKåre, hengane omtrent i ansiktshøgd med bursdagsbornet og venene hans. Og vi fekk has på han til slutt, så alle fekk seg godterier til tross for at det såg mørkt ut. Anbefalar for øvrig å nytte ein papirpose som ikkje er så frykteleg kraftig i kvaliteten, for det endte med at dei voksne måtte hjelpe til og jukse eit hol på piñata’en så vi skulle sleppe å ta 10 runder á 15 slagkraftige 5åringar… Det tok si tid for å oppsummere det kort.
Men kjekt var det, og ungane syntest det var spennande med monsterjakt. Og som alltid var og er piñata ein slager.
God bursdagsfeiring!

2 comments:

  1. Hei

    Googlet Monsterburdag og fant dette innlegge. Helt genialt med Skattejakt og piñata! Skal kopiere den:-)

    Monsterbursdag for for 6-åringen venter på mandag, Det blir stor stas!

    Linda

    ReplyDelete
  2. tusen takk for god inspirasjon. har nemlig en snart 4 åring som ønsker seg monsterbursdag

    ReplyDelete