Tuesday, October 12, 2010

Fine haustdagar og drageløping

Dette er den perfekte tida for drageflyging - så lenge det er opplett så klart ;)
Aldri før har eg klart å lage ein drage som har letta meir enn 10cm frå bakken,
men no har eg altså greid det! Endeleg! :)

Og eg har sjølvsagt bildebevis:

Oppskrifta er enkel, og for å gjere det enda enklare har eg skissert opp ein modell i paint, som eg har lagt inn litt lengre nede i innlegget..

Dragen (eller faktisk dragane i fleirtal, for eg lagde to ;) har fuglefasong, og er laga av bokbind i plast, men ein kan gjerne bruke plastposar (Rema-posar er porøse og går lett hol på, så glatte, hardføre plastposar egnar seg bedre).Og til skjelett har eg brukt grillpinnar i tre. Hardført materiale er ein fordel, med tanke på at dragen gjerne må tåle ein del kræsjlandingar ved flittig bruk :)

I modell under har eg elles også merka ei cirka estimering, med raudt, for kor trådane skal festast på dragen. Desse to trådane skal i det vidare bindast saman i ein knute, som skal møtast omtrentleg i eit midtpunkt over dei to markerte festepunkta. Men knutepunktet skal altså vere noko nærare festepunktet i hovudenden til dragen enn festepunktet mot halepartiet... Vanskeleg å forklare merkar eg, når eg ikkje kan vise kva eg "snakker" om, men eg håper det vart omtrentleg forståeleg ;P

Knutepunktet der dei to festetrådane møtes, for så å fortsette som tråden dragepiloten skal halde i, er essensielt å plassere riktig for at dragen skal vere flygedyktig. Sit knuten for langt framme, så vert dragen alt for baktung, og sit knuten for langt bak så vert dragen for framtung og vil overhodet ikkje lette og fly... Her må ein altså prøve seg fram og finne balansepunktet på den einskilde dragen ;)

Det er elles også viktig at den loddrette pinnen i skjelettet er plassert midt på den vassrette pinnen som strekker seg ut til vingespissane, slik at dragen er speilsymmetrisk på begge sider av midtaksen, og altså balansert. Dette for at dragen ikkje skal lene seg til hverken den eine eller den andre sida i lufta, og dermed begynne å spinne... Om dragen er likevektig på begge sider av den loddrette midtpinnen kan kontrollerast ved å sjå om dragen heng vassrett med vengene når du held i snora og let dragen henge heilt roleg. Ubalanse kan evt enkelt rettast opp ved å legge til litt vekt, ved å teipe på ein liten ekstrabit av ein grillpinne eller liknande, på den sida som er høgast i lufta når den altså eigentleg skulle vore i vater ;) Got it? :) 

Nokre tips:

1. Bruk kun ein halv grillpinne (delt på langs), til den delen av "skjelettet" som strekk seg frå nebbet til halen. Og til den delen av "skjelettet" som strekk seg frå vingespiss til vingespiss, held det med ein kvart grillpinne (delt på langs). Ved å minke tjukkelsen på "sjelettet", minkar ein også tyngda på dragen og gjer den lettare flygedyktig ;) Allikevel er dragen meir enn nok robust og haldbar :)



2. Bruk ein stor, rund middagstallerken som mal til å teikne opp vingespennet, og så deler du berre sirkelen i to like delar. Enkelt og ikkje minst - vips så har du vinger til ikkje berre éin men TO dragar! :D

3. La halen vere litt lengre enn hovudet (mellom 1/2-1 cm i forskjell på hovud og hale omtrentleg), så vert dragen nett passe baktung slik at den står fint mot vinden og lettar :) 

4. Og sist men ikkje mindre viktig; HUGS hale på dragen! Både frå vingespissane og frå fuglehalen... Eg har i huvodsak brukt tynne strimlar i plast, men også ei remse med krølla gåveband som heng frå midt på halen. Desse halane, på vengespissane og frå fuglehalen, er med på å stabilisere dragen i lufta, samtidig som dei gjer dragen flott å sjå på ;)


Lykke til og god drageløping ;)
Anbefalar forøvrig filmen Drageløparen, om du ikkje har sett den - men den er altså ikkje ein film for våre søte små ;P


2 comments:

  1. Ja eg kan ikkje seie anna enn at eg er imponert over alt du får til. Og det såg virkelig ut som Olai Leander kosa seg og der han sprang av gårde med den flotte heimelaga dragen sin.

    ReplyDelete
  2. Tusen takk :D
    Ja, han kosa seg veldig - opptil fleire ettermiddagar no og ikkje minst i helga som var :) Det er i grunn ikkje mykje som skal til ;)

    ReplyDelete