Wednesday, September 8, 2010

Familien Duck

Av ein eller annan grunn, så er barn og unge utstyrt med lemmar som er uproporsjonale i høve resten av kroppen. Bein og armar er i mange tilfeller relativt lange sett i forhold til sjølve kroppen. Dette resulterer nødvendigvis i at det er vanskelegare å stokke beina og å ha rimeleg kontroll på armane. I dag fekk vi det bevist igjen, som så mange gonger før. Og i dag var det igjen mi skuld, som så mange gonger før. ..det var jo eg som oppfordra til kappløpet som resulterte i bein som vart fletta inni kvarandre, og at ansiktet av den grunn stupte først med resten av kroppen etter ned i grus og sand.

Heimens desidert raskaste supersprintar skulle springe om kapp med ein god ven og nabo. Vel var dei kjappe begge to, lette på foten som dei er, men dei kom ikkje langt for å sei det kort. Dei kom ikkje stort lengre enn nokre få meter før dei snubla i både eigne og kvarandre sine bein.

Fort gjort og resultatet var stort. Vår kjære vesle nabo og ven rispa seg i handflatene og truleg andre stader også, og husets desidert raskaste supersprintar (når han klarar å halde seg på beina) rispa seg han også samstundes som han fekk tidenes Donald-kul i tinningen...

Generelt er eg ikkje stressa på Donald-kuler i hovudet etter meir eller mindre uskuldige knall og fall ved leik mellom jamnaldrande. Då altså såsant innehavaren er ved sine fulle fem på alle måter, og så lenge kulen er lokalisert på ein stad der beinet under huda er hardt og robust. Som til dømes i panna, som er den hardaste delen av hovudskallen så vidt eg veit ;)

Ein kul i tinningen syntes eg derimot var mindre kjekt at guten fekk, men heldigvis har vi (i alle fall ut veka) ein nabo som er turnusLege som har opptil fleire vener og familiemedlem i samme yrket som gjerne er på besøk. Dermed fekk vi ei prima undersøking av kulen (og guten) heime, av ikkje mindre enn 2 kroppsekspertar (det er nemmeleg det legane heiter blant familien sine yngste medlemmer). Det vart konstatert at kulen heldigvis befant seg heilt på sida av pannebeinet, og ikkje på den mjuke delen av tinningen slik som eg først trudde. Eit lite blødande rasp hadde han på kulen også, men ikkje meir enn at det går under kategorien skrubbsår, heldigvis.

Eg konkluderte med at vi kunne spare Legevakta i sentrum for besøk av oss, ettersom Nabo-legen gjorde ei truleg meir nøyen undersøking enn vi ville fått på Legevakta om vi kom inn med ein kul og eit skrubbsår (naturleg nok!?). Dessutan var det myyyykje kortare ventetid hos naboen og Lege-venninna hennar også :)

"Ring legevakta om magekjensla di tilseier det!" var den klare bodskapen, og det hadde eg nok gjort om ikkje eg hadde ein god nabo med relevant utdanning som tok seg tid til å sjekke tingenes kulens tilstand. Heller ein telefon for mykje enn ein for lite er mitt motto når det kjem til slikt som dette. Om ikkje anna så kan ein ringe og høyre om det er grunn for bekymring, for så å eventuelt bli beroliga av fagpersonell dersom det åpenbart ikkje er nødvendig med ein legekonsultasjon. 

Våre søte små er for dyrebare til å risikere at vi tek den eine, avgjerande telefonsamtala for lite... Sjølv om det i dei aller fleste tilfeller ikkje er grunn til bekymring :) ..men i dei tilfellene då vi ikkje treng bekymre oss, så kjenner vi gjerne dette på magekjensla også? Eit godt råd i alle fall synest eg; Stol på magekjensla!

 



..og forresten... hugs at ungane ikkje kan noko for at dei er klumsete, det er rett og slett armane og beina som er meir eller mindre uproporsjonale med kroppen.. Eg trur forresten kanskje at eg sjølv er bittelitt uproporsjonal i så måte også!? ..i alle fall vil eg bruke det som ei unskyldning heretter, ettersom det jo er greitt å ha noko å skulde på når ein snublar i eigne bein og små kantar, eller når ein feier kaffikoppen ned av bordet og ut over heile den kvite tunikaen... :D

No comments:

Post a Comment