Thursday, September 2, 2010

Med gullet på fanget og kaffien i handa

Det er vel eit ganske så vanleg scenario i heimar med små born.

Vi passar på å snu alle kjælehankar inn, så dei ikkje er i dei små si rekkevidde når middagen står på komfyren. Helst har vi barnesikring på vasken óg, så dei små ikkje greier å skru på det heitaste vatnet sjølv, når dei skal vaske henda aleine. Og så set vi kaffitraktaren godt inn til veggen, så dei små henda ikkje når opp og borti den heite kanna, medan kaffien trekker. Vasskokaren står like longt inn mot veggen som kaffitraktaren, av samme grunn.  

Men etter middag, når vi er ferdige med å blåse på litt for heit middag for å gjere den passeleg for dei yngste, og maten er komen i magen på både store og små, då kjem det "noko attpå maten" fram på bordet.. Ein kopp med rykande fersk kaffi, eller eit krus med deilig, nytrekt te. Kanskje vil poden lese ei bok, og vi kosar oss med poden og boka i den eine armkroken, medan vi nippar til den rykande, oppkvikkande kaffien i motsett hand.

Ein uskuldig ettermiddag som kan ende frykteleg gale... Det er nemmeleg ikkje meir som skal til. Éin kopp med kaffi, te, kakao eller liknande, er meir enn nok til å skolde ein liten kropp med ømfintleg barnehud. Tredjegrads forbrenning, hudtransplantasjonar og infeksjonar er ikkje ei overdriving, det er eit høgst reelt utfall av ei potensiell fare som mange av oss utset borna våre til dagen. Anten koppen er i handa samstundes som den håpefulle sit på fanget, eller om den står på bordkanten og er lett tilgjengeleg for klossete, vaklevorne småborn som vandrar rundt bordet, eller vert utsett for nysgjerrige, utforskande småhender.

For ein liten gutt på halvanna år vart dette nyleg ein realitet (les om han samt gode førehandsreglar HER), og han er ikkje aleine. Det er mange slike tilfeller kvart einaste år i Norge. Eg håpar tilfella vert færre, mest av alt for dei små sin del, men også for foreldre sin del, som ofte slit med skuldølelse etter ei slik hending...

No comments:

Post a Comment