Thursday, August 26, 2010

Tromming, dans og rytmeleik

Vel, bildet under her er over tre år gammalt, men tromming er like kjekt for 5åringar som 2åringar! I haust går det eit 10vekers rytmekurs med sang, dans, tromming og leik for born frå 3-7år i Bergen. Kurset har vore gjennomført mange år på rad, men anten har guten vore for liten eller så har det berre ikkje passa. Men i år passar det, og hadde snuppa vore året eldre skulle ho også fått blitt med. I staden vert heller ein eksklusiv aktivitet for vår eldste som likar å få gjere litt aleine med mamma og/eller pappa han også. Få vere stor, i alle fall større enn systera, er kjekt og ikkje minst godt for sjølvbildet.


Og å få leike med rytmer, eller nærare skildra; afrikanske rytmer, på ulike måter er vel heller ikkje dumt for sjølvbildet. Å arbeide med og lære seg rytmer og såleis kroppskontroll gjennom leik, dans og sang er heilt klart med på å styrke trua på seg sjølv. God motorikk er blant andre faktorar med på å forme sjølvbildet, og vidare også avgjerande for born sin mogelegheit for positiv samhandling gjennom leik med andre born. 

Men det var vel ikkje dette perspektivet på kurset og utbyttet av det som låg til grunn for at eg meldte på guttungen, meir enn noko anna verkar det kjekt. Og dessutan, den sommaren i Dyreparken som bildet ovanfor vart teke, då kjøpte vi med oss ei afrikansk tromme frå den eine souvenirbutikken. Og sidan den sommaren i 2007, så har tromma mesteparten av tida stått til pynt i det eine vitrineskapet vårt. No er det på tide å blåse støvet av ho og bringe ytterlegare liv i heimen - i alle fall sånn litt innimellom når hausten med regn og blæst tvingar oss til å vere inne litt for ofte :)  


PS: Kurset vert leia av Abu Adonaba i Kong Oscars gate 15. Du finn påmeldingsinformasjon på sida hans ;)

No comments:

Post a Comment