Sunday, September 5, 2010

Med born hos fotografen

Det er ikkje alltid så lett å få ungane til å vere velvillige når ein framand mann eller dame skal komme relativt tett på og ta bilder. I alle fall ikkje når dette atpåtil er i eit framandt rom med mange "rare" og ukjende rekvisittar, inkludert dei store lysgreiene på stativ og i det heile. Finst det nokre supertriks som kan få ungane på gli, så tek eg i mot med stor takk for ingen av mine to har akkurat vore sjeleglad for denne settinga.

..Det vil sei, babyfotografering har gått supert, men ikkje etter dei vart så store som to og tre år (ja, eg har vore min del til fotograf med dei).


Vi var nyleg til fotograf med yngste gullet vårt, og då hadde eg med litt småting som til dels gjorde besøket noko lettare enn kva det var med eldste når han var til fotograf i toårsalderen (den gong gav fotografen opp rimeleg snart etter vi kom, og ba oss komme at ein annan dag i håp om at guten då skulle vere meir velvillig...) Eg tenkte i alle fall eg kunne dele våre "triks" for ein vellykka fotograftime med dykk, i tilfelle ein og annan kan plukke med seg noko av det og få ei litt enklare oppleving av å vere til fotografen med sitt lille, store gull :)

Først av alt; når ein skal til fotograf er det viktig å tenke gjennom kva ein har på seg og kva rekvisittar ein tek med for å ha med på bilda. Kort og godt, matchar det eller vil det eine eller det andre virke forstyrrande reint heilheitsmessig? Det er mange gode tips å finne på heimesidene til ulike fotografar, og det kan vere lurt å ta ein kikk på slike sider før ein bestemmer seg og finn fram det ein skal ha på av klede og ha med av rekvisittar.

Personleg likar eg kvitt i kombinasjon med medium til lys dongeri og bar hud. Vi ber også fotografen bruke rein, kvit bakgrunn kvar gong - noko mange fotografar uansett gjere for tida.. Enkelt og tidlaust. Hud og kvitt er i alle fall tidlaust ;) Vi køyrer den stilen etter å ha gjort det med førstemann, så passar fotografbilda til å henge på veggen ved sidan av kvarandre til tross for at dei er tekne med års mellomrom.

Ettersom kleda er kvite synest eg også det er fint med kvite rekvisittar. Derfor tok vi med, til prinsessa vår som eeelskar å pynte seg, mine perlekjede med kvite perler. Som ho kunne halde på og styre med under fotograferinga. Dei bryt ikkje med fargane og er heller ikkje så store at dei stel merksemd frå hovudopersonen i bilda. På grunn av at vi hadde ein del rekvisittar med, fekk vi ikkje bruk for desse. Noko eg eigentleg syntest var litt kjedeleg når vi plutseleg var ferdige med photoshoot'en.. Men, det var berre fordi eg hadda laga meg ein ide om det heile. Vi fekk mange andre, fine settingar, så eg kan ikkje klage ;)


Ho her, som så mange andre born, er også glad i ballongar. Einsfarga, kvite ballongar kjøpte vi difor til å ha med. Ballongane og leiken som følger med er barnleg og naturleg. Det såg ut til å bli nokre herlege bilder med ballongleik :D Husk forresten, oddetal gjer seg ofte bedre enn partal. Så ha gjerne éin, tre eller maaange ;)

Eit alternativ til ballongar, som "stel" mindre av merksemda i motivet, er såpebobler. Dei tilfører den samme leikande stemninga, men er lettare og ikkje minst mindre plasskrevande ettersom dei er små og meir eller mindre gjennomsiktige.

Kvite fjær (ei stor eller maaange små) er også lette og mjuke i forma, og kan vere fine rekvisittar og stemningsskaparar i bilda. Ein kvit, mjuk og god skinnfell som småen pleier å sove på eller ha i vogna, kan gje noko av den same gode stemninga til bilda, men utan det leikande preget.

Våre små har begge kosedyr som dei har med seg i senga når dei søv, og som dei er så glade i at kosedyret nærast er ein del av identiteten - i alle fall på kvelds- og nattestid. Desse har vore fine og veldig personlege rekvisittar for vårt vedkommande, og ikkje minst har kosedyra vore eit kjærkomment og trygt "element" for den vesle hovudpersonen i første del av bildetakinga.

Lykke til hos fotografen, med eller utan medbrakte rekvisittar :) Det er kjekt med profesjonelt tekne barndomsminner!



PS: Det er ikkje alltid det er dei mest organiserte og oppstilte bilda er dei finaste, naturlege og tilfeldige situasjonar gjer seg gjerne vel så godt som motiv til å forstørre og henge på veggen :)

2 comments:

  1. Så fine bilder! No blei eg ikkje mindre spent på fotografbildene våra som vi skal av å sjå i morra!

    ReplyDelete
  2. Takk, Karianne :)

    Ja, det er kjekt med fotografbilder :D
    ..eg har lyst ein tur til Fame og ta søskenbilder eg no... hehe.. trur rett og slett eg er blitt avhengig!? :S

    ReplyDelete