Monday, August 23, 2010

Brent barn

Skyr ikkje nødvendigvis brenneneslene.. Dei skjuler seg gjerne mellom bringebærbusker, i ripsbusker eller liknande der dei små er på jakt etter søte, små bær. Dei forstår nødvendigvis heller ikkje at det er undersida av bladene som faktisk "brenner" huda..


Når uhellet fyrst er ute, kan det i alle fall vere greitt å ha eit triks for å døyve eller fjerne den brennande kjensla i huda. Og eg fekk eit tips for litt sidan, som eg har hatt høve til sjølv å teste ut (ivrig etter bær sjølv også, og såg meg ikkje om etter brennenesler nei XP). Tipset er å helle på eddik, noko som mange allikevel har ståande i kjøkkenskapet sitt ;)

Eg opplevde at svien eller "brenninga" tiltok i intensitet nokre få sekund, men så forsvant det så og seie heilt like etterpå. Det luktar ikkje direkte blomst av huda når den er full av eddik, men kva gjer vel det så lenge ein slepp å ha ilt (vondt) ;)

No comments:

Post a Comment