Saturday, August 21, 2010

Smånytt

Vel, nytt er det kanskje ikkje i butikkane, men det er nytt heime hos oss. Og spesielt store ting er det ikkje, og då kan ein gjerne kalle det smått? Uansett...

Yngstegullet har nett hatt bursdag, og ei av gåvene var ein ny matboks i metall. Det er kjekt å ha! Ho fekk ein i fjor som framleis fungerar utmerka, men det er jo kjekt med forandring også, sjølv om det gamle er heilt og brukande. No har ho å byte mellom.

Og sjå berre kor skjønn den er, denne nye matboksen fra Sprell:


Vanskeleg å ikkje like!!! ...det synest i alle fall begge jentene her i huset... :) ..og no har denne eldste jenta lyst at eldstegullet skal få seg noko tilsvarande til bursdagen sin som er like om hjørnet, berre med eit guttemotiv :) ..dei med piraya på er til dømes veldig kule! Og det finst fleire, på heimesidene til Sprell :D

Forresten har eg lenge tenkt på at eg skulle sy sittepute til snuppa sin tripp-trapp-stol frå Stokke, men lysta er her oftare enn høva til å sette seg ned med symaskina. Og då vi var på IKEA her om dagen kom eg over nokre skjønne sitteputer til IKEA sin(e) barnestol(ar). Desse heiter Fabler, eller i alle fall noko i den duren, og finst som grøn frosk og kvit katt så vidt eg veit. Kostar skarve 35,- gjer dei også, så eg tenkte det var verdt dei få kronene å kjøpe med seg i håp om at den skulle passe på setet til tripp-trapp-stolen. Og det fungerte finfint! :D Puta er knytt fast på undersida av setet, med heilt enkle snorer og heilt enkle knutar ;)


Prinsessa vår valgte sjølv kva for ei av dei to putetypane ho ville ha, og valde (sjølvsagt) froskeprinsen <3




No comments:

Post a Comment