Det er ikkje noko
nytt at ungar likar å gjere saker og ting
sjølv, utan hjelp frå andre. Ikkje mindre er det
kjekt å lage sin eigen mat, og av ein eller annan grunn så
smaker sjølvprodusert så mykje betre enn det ein får servert av mamma og pappa (opptil ein er lei av å lage mat, og synest at alt det andre lager smaker myyykje betre ;P ).
No er bær av mange slag
modne på busk, trær og i lyng. La ungane
kose seg med å plukke sjølv, smake litt men også spare litt i ein boks, så dei kan
lage syltetøy ved å røre saman bær og sukker. Ellers kjedelege skiver smakar
mykje betre enn vanleg, når pålegget er friskt, nyrørt, og ikkje minst sjølvlaga syltetøy!
(Kortversjon av DETTE innlegget i HeimeHosOss.blogspot.com)
No comments:
Post a Comment