Tuesday, August 17, 2010

Småkrek?

Skildring av fleire separate hendingar, samanfletta til éi kvardagshistorie...

Evna til å la seg forundre av dei enklaste ting er noko mange mister gradvis etter kvart som ein blir vaksne.. Samanlikna med ungane er eg nærast blind på omverda og det som rører seg, dei får jo med seg den minste vesle maur som kryp rundt mellom brusteinane, medan eg meir føler meg som ein maur i ei tue og er oppteken av å orientere meg fram til riktig mål mellom eit utal andre som tydelegvis har tenkt samme tanken som meg; La oss nyte dagen med finvêir med ein tur til sentrum. Alt som rører seg under 20cm over bakkenivå er ingenting eg så mykje som tenkjer på å ense ein gong, og det er berre så vidt at "veskehundane" unngår å komme i klem mellom brustein og eine hjulet på vogna til mi yngste..


"Sjååååå!!!" ropar barnestemmene, og eg ser rundt meg i villrede. "Der!" korrigerer dei og peikar på bakken, mellom brustein og ugras. Ei lita bille fangar merksemda deira og held på den ei stund, så det går an å nyte kaffien sin i fred. Eg er takknemleg, og skylder det veslet kreket (som eg elles tenkjer på biller som) ein teneste. "Ver forsiktige, den kan stikke.." formanar eg, før eg let ungane studere krypet i fred med sin barnlege fascinasjon, som truleg strekk lengre enn min forståelsesevne. Kaffien er framleis varm når eg tek siste slurken, framleis mest oppteken av det som skjer i mi eiga ansiktshøgd ettersom ungane held seg opptekne og rolege like ved sidan av meg.


Klar for at vi skal komme oss vidare henvend eg meg på ny til mi nye, midlertidige "barnevakt" og dei skuelystne små, som då viser seg å ha brutt første bud på bakken i det offentlege, baseluskfylte offentlege rom; "berre sjå, og ikkje røre". Billebert'en har fått undersøkt vinger, føtter og antenner, og dei klumsete barnefingrane har ikkje vore forsiktige nok. Små ansikt med store auger oppdagar at deira nye venn går rart, har fått skeive antenner og vinger som ikkje sitter likt på som dei gjorde for litt sidan. Ikkje mindre har stakkaren også kvit, boblete gugge som mest truleg ein gong høyrde til på innsida, hengande etter seg som eit alt for tungt slør..



Eg hugsar frå eg var liten, at mormor ba meg kverke kryp som tissa, beit eller kunne klype oss. Vel, no var det visst ikkje krypet som hadde klype, det var det mine små som tydelegvis hadde gjort!
På tide å gjengjelde tenesten som han gjorde meg skyld i for få minutter sidan, og eg plantar hælen på han for å gjere raskt slutt på lidingane. "Du drepte han!!!" bedyrer ungane med store, anklagande auger og skjelvande underlepper. Og ja, eg har dårleg samvit når eg lettar på hælen igjen for å sjå etter at livet har forsvunnet ut av den vesle skapnaden, som leid martyrdøden for at ei mamma skulle få drikke sin varme kaffi i fred. Det var jo eg som indirekte var skyld i den grove misshandlinga som til slutt krevde mitt barmhjertighetsdrap, eg er dobbelt skyldig.. Ungane har rett, det var i dobbel forstand eg som drepte Billebert'en. Det var visst feil småkrek eg advarte før eg snudde meg vekk og naut stillheita, i god tru om at mine "uskyldige" små ikkje ville skade dette levande lille vesenet som dei såg ut til å ha omsorg for... 


Pinnedyr er nok ikkje eit aktuelt "kjæledyr" her i heimen, kanskje ikkje hamster eller veskehunder heller? Først må i alle fall mine eigne små avvennast med tendensane til sjølv å vere småkrek.

No comments:

Post a Comment