Sunday, August 15, 2010

Når sesongen er over

kan det vere greitt å gje sesongutstyret ei overhaling før det vert pakka vekk, så det er kjekt å ta det fram igjen neste år :) Snart er sykkelsesongen over, også for dei med tre hjul..


Pappa vaskar sin sykkel og junior(ane) vaskar sine syklar. Ein billig kjøkkensvamp og zalovatn gjer susen for trehjulingane i alle fall, i tillegg til at mamma eller pappa hiv over ei bøtte med reint, lunka vatn når skrubbinga er overstått for å få vekk såperestar. Godt for sykkelutstyret og kjekt for dei håpefulle små, som likar å ta i eit tak og gjere noko som faktisk er nyttig sånn heilt på ordentleg!


Og ikkje minst; medan dei små held seg opptekne med sine viktige oppgåver, får dei vaksne seg ei roleg stund i hagestolane med dagens avis og ein kaffikopp. Og når arbeidsfolket er ferdig, så fortener dei seg også ein pust i bakken og løn for strev. Ein ispinne er forøvrig ikkje akkurat heilt feil ved sidan av kaffien for dei vaksne heller ;)

..Ok, så kanskje er det ikkje nødvendig å pakke vekk syklane heilt enda.. men ein sykkelvask skadar jo ikkje allikevel, spesielt med tanke på vaksenstunda som kjem ut av det.. :) Vi får vel gjort både ein og to sykkelvaskar til før vi pakke dei vekk, men kva gjer vel det? :D



No comments:

Post a Comment