Sunday, August 8, 2010

Hipp hurra for bursdagsbarnet!

Her i heimen har vi sørga for å få bursdagsfeiringane på rad og rekke (i den grad to kan danne rekke vel og merke). Men i alle fall, med bursdagar som kjem tett så kan det fort bli nesten like gale som det er godt, når det gjeld å skulle arrangere festane. For det er vel ikkje til å stikke under ein stol, at det er en del styr med herlegheitane? Vel, det gjeld å gjere mykje ut av lite, og å ta ungane med på forberedelsane. Gjere forberedelsane til ein hyggeleg familieaktivitet, i alle fall det som dei kan vere med på og har glede av å delta på.


Baking er noko mangen ungar er glad i, så kvifor skal mamma (eller pappa kanskje?) stå aleine med jobben. Entusiasmen hos mine er i grunn vekslande, men så får dei vere med på det dei likar så lenge dei synest det er kjekt. Kjekkare enn å trille bollar er det å lage små figurar til å pynte kaka med. 5åringen vil ha monsterkake, og dermed får han hjelpe til å lage småmonster som sjokoladekaka skal pyntast med. På førhand har eg laga og farga sukkerpasta, slik at han kan gå rett i gong med utforminga.

Veldig enkle monster, som skal pyntast rett før montering på kaka ved hjelp av ein liten pensel og litt konditorfarge 


Roser, blad og tal blant andre figurar som fekk pynte opp bursdagskaka til vår 2årige prinsesse på bursdagen..

Figurane kan lagrast (tørt) i kakeboks i opptil 3 månader etter kva eg har lest (har inga erfaring med langtidslagring sjølv), så dette kan ein gjere i god tid i føreveien. Massen kan ellers også lagast før ein skal utforme figurar av den, berre ein pakkar den tett i plastfolie, så den ikkje tørkar ut før den skal brukast. Merk: massen tørkar relativt raskt, så ikkje gå i frå utan å pakke den inn ;)


Oppskrift:

625gr melis
100gr potetmjøl
2 eggekviter
3,5 plate gelatin
Smak (dråper av essens)
Farge (konditorfarge)

Bløyt gelatin i vatn til geleaktig, hell ut vatnet og smelt gelatinen i ein kjele på svak varme.
Bland gelatinen (lett nedkjølt) med eggekvitene, og hell dette over og rør saman med sikta melis og potetmjøl. Tilset smak og farge etter ynskje.
Vaniljeessens brukte vi som smak, og det vart ikkje så verst :)

Krone er også kjekt å lage til bursdagsbornet. Spesielt synest mi 2årige, sjølvutnemnde prinsesse at krone er stas. Og likeså synest eg det er kjekt å lage. Eg kjøpte farga kartong i størrelse A2 hos bokhandlar i mangel på andre stader å handle tilsvarande, så kartongen vart gjerne noko dyrare enn den trengde å vere. Anna papir, klistremerker, alfabet og band til å pynte krona med kjøpte eg hos EuroPris og Nille. Målte omkretsen på hovudet til snuppa før eg satte i gong med å klyppe ut krona, så den skulle passe perfekt. Visst du vil at krona skal gå skrå utover mot toppen, som eit pappbeger til samanlikning, så klipper du den ut i ein bue i staden for å la øvre og nedre kant på krona vere beint vassrett. Eg limte på lilla innpakkingspapir på innsida av krona, slik at krona er lilla på innsida, og har ein kvit kant som stikk utforbi den rosa kanten på utsida. "Perlene" på kronespissane er laga med å klistre to tredimensjonale hjerteklistremerker mot kvarandre heilt på tuppen av spissane, slik at dei kleber mot såvel kvarandre som mot pappen.



Når eg hadde laga krona med rette spissar på toppen, sat eg forøvrigogså igjen med X antal langbeinte trekantar som eg altså hadde klipt ut av pappen. (Huff, eg treng meir trening i å forklare meg :oS).
Desse trekanta restebitane brukte eg til å lage ei vimpelrekke som matcha krona til bursdagsbornet. Eg bretta heilt enkelt kortsida på trekantane ein liten centimeter ned, for å lage ein løpekant til snora som vimpelrekka skulle henge på. Til slutt bretta og teipa eg papirvimplane rundt og "fast" til snora. Enkelt og greitt, og ikkje minst kjekt med matchande pynt :)  

Eit ferdigpynta festbord før smågjestene kjem. Krona pryder bordet før den skal pryde bursdagsjenta :)

No comments:

Post a Comment