Eg har lyst på ei leikehytte til mine små. Kanskje spesielt med tanke på veslejenta, ettersom ho synest å bry seg meir med den slags enn kva gutungen gjere.. (Utan å ville "diskriminere" eller "setje i bås" verken den eine eller den andre kva kjønn angår). Eg har lyst på ei hytte med vimplar i rekkje som pynt på terrassen framfor inngongsdøra, med små gardiner og dukar i romantisk stil, med mini-kjøken og dukkesenger og....
Eg har prøvd lukka via mamma.no (bildet over er lånt derfra), der alt ein treng gjere, for å vere med i trekninga om eit Pinnochio dukkehus i ubehandla treverk, er å svare på eit enkelt spørsmål. Har du også lyst på eit leikehus til dine små? ...det verste som skjer ved at du vert med i konkurransen er at du ikkje vinn.. ;)
No comments:
Post a Comment