Sunday, August 1, 2010

Små kunstnarar

No er eg kanskje over middels opptatt av å gi ungane kunstopplevingar, og ikkje mindre er eg påverka av at ungane går i ein kunstbarnehage kor dei set fokus på nettopp kunst. Born heilt ned i dei minste aldersgruppene kan ha glede og utbytte av augneblinksopplevingar i møte med kunsten og det estetiske generelt. Ikkje mindre har born glede av å få utfolde seg kreativt med til dømes maling.

I barnehagen til mine to små har dei blant anna tatt føre seg eit bilete av Jackson Pollock; "Silver over black" 


Jackson Pollock sine bileter er utarbeidd på ein måte som er relativt enkel for barnlege amatør-kunstnarar å etterligne. Pollock kasta, helte og drypte maling på STORE lerret. Stort lerret og ikkje minst grove motoriske rørsler er midt i blinken for små kunstnarspirer å arbeide med, og ikkje minst meistre!

Vidare gjorde Pollock ting som å gå og sykle over lerreta med våt maling, noko som ikkje mindre vil vere kjekt for dei små. Sommaren, med tørt ver (for dei som er så heldige å ha det..) er ypperleg for denne typen kreativ aktivitet. Legg lerretet, bokpappen eller det som skal malast på ut på graset, og gje ungane ein og ein farge til å male med.


Det er kjekt og ikkje minst vert resultatet sprekt når ein bruker mange ulike, friske fargar. Men får ungane alle fargane ned på lerrete i ein eingong, så er det lett for at alt sammen blir meir eller mindre brunfarga. La difor gjerne dei ulike fargane få tørke litt mellom "slaga" med maling. Utholdenheita er ikkje nødvendigvis alltid like god i lang tid av gangen, og sånn sett er det uansett ikkje feil med lunsj eller kosepauser med oppkutta frukt, kjeks eller saft i sola.

Har ein ikkje mogelegheit til å vere ute kan ein bruke ein stor, gammal voksduk til å dekke golvet med som underlag til lerretet.

Lykke til, anten de skal halde på med kunstproduksjon ute eller inne :)

No comments:

Post a Comment