Tuesday, June 29, 2010

God lunsj!

Fanga i ei rutine er det vanskeleg å variere matboksen til ungane nok. Det er alt for lett å kleise på det samme klebrige pålegget som held skivene samla, dag ut og dag inn. Leverpostei, kaviar og smøreost har vore gjengongarar heime hos oss, variert med kvitost eller kokt skinke for å pirre appetiten til dei små håpefulle.

Vel et dei når dei er svoltne, men eg kan ikkje tenkje meg at jubelen står i taket i bornehagen når loket på matboksen går av.. Eg som etter borndommens traumer ikkje likar noko som har lagt i boks (eller matpakkepapir eller brødpose for den del), hadde i alle fall ikkje jubla..

(Bildet er lånt fra http://www.dinmat.bt.no/)

Lenge har eg tenkt på det, uten at nokon av ungane har klaga (dei har heldigvis arva pappa'en sine rutine-prega-matvanar) sjølv om det tidvis har vore nødvendig med lupe for å kunne konstatere at det har vore gjort innhogg. I dag var det tid for å ta grep! (Litt av bakgrunnen er at lisjegut har vore heime og "kjeda seg" ei heil veke etter operasjonen, og baking er jo ein kjekk aktivitet å halde på med :)



Så i ettermiddag har vi laga Sunne Muffins  og ikkje berre er dei sunne, dei er Skikkelig Gode også!
Sist men ikkje minst - dei passar perfekt som suplement til eller variasjon frå det vanlige matpakkeinnhaldet.
Vi laga ein porsjon med bærmuffins og  ein porsjon med ost- og grønnsaksmuffins:

Here goes:

Bærmuffins (2 brett m/små former):

Bland det tørre;

120g havregryn
240g kveitemjøl
3 ts bakepulver
2 klyper salt
2ts vaniljesukker

rør forsiktig inn bæra så dei held seg heile og fine
+ eventuelt krydder

..vi kombinerte blåbær med kanel, og multe med hakka, frisk mynte :)

Lag eggedosis;

100g sukker
4 egg

Bland alt det våte og rør det så forsiktig inn i det tørre;

eggedosis
5dl naturell yoghurt (gjerne lett-variant!)
4 ss nøytral olje (solsikke eller raps til dømes)


Ha røra i muffinsformer så dei er 2/3 fulle (vi brukte små former),
og la dei stå midtplassert i forvarma omn ved 175grader (over/undervarme) i 25 min.



Framgongsmåten til ost- og grønnsaksmuffins er den same, men ingrediensane er noko annleis (eitt og eit halvt brett m/små former):

Tørt:

220g kveitemjøl
50g havregryn
2ss sammalt rugmjøl
1ts salt

Vått:

2 egg (pisk luftig for seg sjølv)
150g naturell yoghurt (gjerne lett-varianten)
2dl mjølk (gjerne skumma)
6ss olivenolje (hugs at denne gjev meir smak enn anna olje)

Fyll:

Ca 4dl finhakka grønnsaker og ost av det du har i kjøleskapet ;)
Vi brukte purrelauk, graslauk, raudlauk, paprika og vanleg kvitost (lettere).
+ eventuelt krydder (pizzakrydder brukte vi ;)



Bon apetit! ;)


No comments:

Post a Comment