Sunday, June 20, 2010

Personleg gåve



No er det tid for mange barnehageborn å slutte i barnehagen for å bli skuleborn til hausten.. eller kanskje er det nokon som berre rett og slett skal bytte barnehage? Eg veit at det er fleire som pleier å gje litt ekstra merksemd til dei ansatte, enten det kun er til den som har vore primærkontakt, alle dei ansatte på avdelinga eller til alle ansatte i heile barnehagen. Alt etter kor stor barnehagen er og kor mange det er snakk om... Vi har ingen skulegut i år, men for eit par år sidan bytta han avdeling frå "småborn" til "stor" avdeling, og då hadde vi lyst å sei takk for oss til dei ansatte på småbornsavdelinga. Mange kjøper gjerne ein blomst eller slikt, og det er veldig koseleg, men vi ville lage ei meir personleg gåve til kvar og ein frå guten vår. Det var enkelt, guten syntes sjølv det var veldig kjekt og det kostar ikkje skjorta.


Du treng:
* Porselensmaling som kan herdast i bakarovn (dette er å få kjøpt hos Panduro)
* Krus (Helst porselen. Andre koppar går, men då held ikkje malinga på like godt er mi erfaring)
* Pensel
* Bakarovn

Evt også underlag (f.eks ein gammal voksduk) til å beskytte bordet når poden malar.


Så gjer du følgande:

* Vask koppen med noko feittløysande. Bruk gjerne hanskar når du gjer dette, så kjem det ikkje fett frå fingrane på etter at koppane er vaska.
* Når koppen er tørr kan kunstnaren slå seg laus med å male. Vi malte også handa til kunstnaren og hjalp han å trykke handa mot eine sida av koppen. Små handavtrykk frå born er sjarmerande + at det gjer gåva meir personleg. Så malte vi namnet til den einskilde av dei ansatte på hanken (alle på avdelinga fekk kvar sin kopp), og skreiv namnet til guttungen og det aktuelle årstalet på undersida av koppen.
* Ha koppen inn i bakaromnen på 150 C i 30min for herding.

Og voila, så har du personlege gåver som dei ansatte kan nyte i laaang tid på pauserommet eller heime :) Kjapt, enkelt og koselig! Og kven har vel ikkje bruk for ein ekstra, eigen kopp til å drikke kaffi frå i lunsjen?

Når vi først var i gong blei det laga koppar til besteforeldre og til mamma og pappa også - dei var jo så fine!
Dette er våre absolutte yndlingskoppar:


2 comments:

  1. Så morro med hjemme laga motiv på koppene da! :)
    De ble kjempe fine! :)
    Tror vi skal prøve oss på sånne vi å til jul! :)

    ReplyDelete
  2. Takk for det :)
    Kjekt for dei små å gi, og kjekt for besteforeldre og andre å få - meir personleg blir det ikkje :)

    ReplyDelete