Friday, June 18, 2010

Hiv O'hoy! Skal det vere eit sjørøvar-tips?

Sjørøverfeberen har herja i Noreg i lange tider - i fjor på denne tida feira Terje Formoe sin karakter Kaptein Sabeltann heile 20 år! Sjølv må eg sei at eg skjønar dei små sin fascinasjon utruleg godt. Sjørøvarverda er spanande med alle sine passeleg skumle hendingar og varierte skikkelsar. Mamma i huset må óg innrømme at den vaksne, amerikanske varianten Pirates of the Carribean er god underhaldning, så kanskje ikkje så rart at eg har forståing for dei små sin Sabeltann-interesse...  


Når vi har reist på bilferie i Noreg er det ikkje til å stikke under ein stol at Kristiansand og Dyreparken har vore eit nærliggande val. Men i år blir det ingen kostbar ferie, og altså ikkje høve til å besøke Sabeltann og hans menn i sjørøverbyen. Det betyr allikevel ikkje at sjørøvarar i generell forstand uteblir i kvardagen.. Ettersom vår eldste har vore og framleis er ein stor fan av den mest berykta sjørøvaren på dei sju hav, så har det altså blitt til at han har ønskt seg og fått diverse kostymer og utstyr til bursdagar og jul dei siste åra. Så dette blir nok henta fram fleire gongar i løpet av sommaren, som elles...

Som prikken over i'en i høve sjørøvar-leiken heime i sommar, har mamma tenkt å krydre rollespelet til dei små piratane i all hemmelegheit. Sandkassa har og vil nok framleis vere ein ynda stad å grave etter fiktive skattar for Sabeltann og Langemann i mini-utgåve, og det er her krydringa mi skal finne stad ;) Når mørket har senka seg og sjørøvarane har lagt seg for natta, så skal eg ut og grave ned ein skatt. Eg tippar dei små sjørøvarhjerta gleder seg når spaden på heilt ekte støter på noko hardt som viser seg å vere ei skattekiste! ;) (NB: ikkje grav den for djupt ned, vi vil jo at dei skal finne den før tolmodet tar slutt..)

Små skattekister har eg sett hos ulike leikebutikkar, til dømes ExtraLeker, men det går sjølvsagt óg an å rake småskattar ned i sanden utan å samle dei i ei kiste. Kanskje kan sjørøvarane samle skatten sjølv - då brukar dei faktiske enda lenger tid på aktiviteten ;) Á la gullgraving som er ein ynda aktivitet i fleire familieparkar.. 



Slike "steinar" som på bilda over, eller noko tilsvarande med samme funksjonsverdi, er å få kjøpe hos Nille, IKEA, blomsterforhandlarar (og sikker fleire). Poenget er at det er LETT å forestille seg "steinane" som rubinar, krystallar og diamantar!? Eit anna alternativ her kan vere å bruke klinkekuler ;)


Vidare er det gullmyntar i plast å få kjøpe til ein rimeleg penge på leikebutikkar. Aberet med desse er at dei lett vert "sandblåst" og mister gullfargen ved utebruk i sandkassa, så dersom du har utanlandsk eller gamal småmynt som allikevel berre vert liggande, er dette mykje meir holdbart som sjørøvarskatt :) Dersom du har pittelitt ekstra tid til å forberede skatten er det også virkningsfullt med øvrige spraylakkerte gjenstandar i gull (gullfarga spraylakk får du kjøpt på EuroPris). Du kan gullakkere til dømes småsteinar, kongler, legoklossar, smokkar eller anna poden verdset høgt! 

God skattejakt!   


NB: Krystall-bilda har eg lånt (noko redigert), dei er henta frå nettbutikken http://www.tilbryllupet.no/, og mynt-bildet var opprinneleg eit illustrasjonsbilde hos http://www.aftenposten.no/ som eg har lånt og redigert...

No comments:

Post a Comment