Tuesday, June 22, 2010

Det var ikkje skummelt!

Vårt eldste, vesle gull var operert i dag. Berre ein liten operasjon, men det kan lett vere skummelt nok det for både gullet og mamma'en. Det er jo ikkje uvanleg at små (og store) gruar seg til å gape opp for tannlegen, eller for å rette fram armen for å bli teke blodprøve av... Eg er difor glad for å kunne fortelle at gutten min overhodet ikkje grudde seg til operasjonen, sjølv om han var klar over at legen skulle både opne og sy i huda hans. For å vere heilt ærleg og utan blygsel, vil eg påstå at eg har æra for det i stor grad sjølv i lag med dei dyktige legane og sjukepleiarane. Bakgrunnen for at eg tør påstå at eg har ein del av æra for det, er at eg ved same taktikkar som denne gongen, tidlegare har klart å snu hans motforestillingar mot å gå til lege. Eg vil forøvrig hevde at desse motforestillingane til ei viss grad var utilsikta påført han av andre, velmeinande vaksne..

Det eg altså vil fram til er å dele mi
"Oppskrift" på eit vellukka lege/tannlege -besøk med born:

1. Vær ærleg med eit barnleg språk, og unngå "groteske" detaljar

2. Svar på spørsmål frå bornet så godt du kan

3. Hald fokus på det morsomme ved det som skal skje (tannlegen sin artige stol, bedøvelse aka "tryllemiddel" som gjer at ein ikkje kjenner noko sjølv om ein kitlar, premien ein får etterpå, Karius som må leite etter ein ny stad å bu...)

4. Styr unna negativt lada ord og formuleringar som f.eks;
- "Dette er ingenting å grue seg til" / "Du treng ikkje vere redd"
- "Det er ikkje farleg"
- "Legen er ikkje skummel"
- "Det er ikkje så veldig vondt å ta blodprøve"

5. Bruk meir positive ord og formuleringar i staden, som f.eks;
- "Dette kjem til å gå kjempefint!"
- "Legen er flink og gjer alt han/ho kan for at du skal få det best mulig"
- "Du kjem til å kjenne det når dei skal ta blodprøve" 

6. Forbered deg mentalt på sjølv å skulle vere heilt roleg og å ha ekstra god tolmodigheit. Bornet skal nemmeleg "ha lov til" å vise motvilje, og ei eventuell motvilje/redsle skal bli møtt med respekt, forståelse, omsorg og som sagt - godt med tolmod.

7. Forbered deg materielt. Det er lov med bestikkelsar som dette innimellom! Det treng absolutt ikkje vere noko voldsomt (alt etter kva bornet normalt er vand med, sjølvsagt..). Døme på små (gjerne på førehand avtalte bestikkelsar så ikkje bornet vert skuffa og det heile får ein motsett verknad) bestikkelsar kan vere eit nytt teikneserieblad å sjå i på venterommet, å gjere ei avtale om å ete is, få ein leike eller anna "premie" etter legebesøket, ha med bornet sin kosebamse, koseklut, smokk eller yndlingsleike (denne hjelper bornet til å lettare halde seg roleg og trygg)  

8. Tull og tøys - ver naturleg! Det treng og skal ikkje vere ei dyster begravelsesstemning på venterommet til legen eller tannlegen! Det er lov å snakke med, og velg same samtaleemne som de ellers snakkar om i bilen, ved middagsbordet, ved kveldsstellet og så vidare.  




No comments:

Post a Comment