No er eg av dei heldige som slepp å "lure" i ungane mine grønsaker, men det har ikkje alltid vore like enkelt.
Trikse har då vore, ikkje å kamuflere grønsakene, men å gjere dei meir spennande. Det enklaste "trikset" er sjølvsagt å variere val av grønsaker samt også å variere tillagingsmåte. Kanskje er det lett å gå seg fast i sporet ein har begynt på, og alltid velje kokte gulrøter og broccoli. Men kven blir vel ikkje lei av å ete same maten dag ut og dag inn? Eksempelvis kan en variere mellom damping/koking (eg dampar alltid grønsakene mine i eit dørslag over ei panne med kokande vatn - då held dei på meir av næringsstoffa enn ved koking), pannesteiking, ovnsbaking, mos/puré, grilling... Varier også måten du kuttar grønsakene på (terningar, strimlar, skiver, osv) - appetiten kjem like mykje med synet av den ein skal til å ete ;o)
For å gjere det enda meir interessant kan eg jo nevne at det er mykje spennande å finne i grøntavdelinga på butikken, i alle fall om ein vel å gå på ein av dei større kjedane eller i ein butikk med utanlandsk sortiment. La ungane vere med å velge og kjøpe grønsaker til middagen! Ofte er det kjekkare å ete sjølvvald mat enn å ete det andre har bestemt og nærast tvingar på ein..
Vidare er det også ein ganske vanleg gjengongar at ungane lettare et maten dei sjølv har vore med å tilberede, også når det kjem til grønsaker. Så la dei få ein kniv (ikkje sløv kniv, då skjær dei seg faktisk lettare enn om dei får ein god kniv, og forøvrig lagar sløve knivar styggare sår enn skarpare knivar når uhellet først er ute!), skrellar eller kva reiskap dei no trenger og set ungane til å hjelpe deg med matlaginga!
Og heilt til slutt - presenter maten fint og variert. Ikkje berre sleng panna på bordet - igjen med tanke på at apetitten kjem ved synet av den ein skal til å ete ;o) Sjølv ein ellers kjedelig halvfabrikat-middag kan presenterast fint (alt er sjølvsagt relativt) på tallerken, fiskepinnar med grønsaker, poteter og mjuk margarin (ja, mine små er veldig glad i margarin på potetene, så derfor.. ;oP)
(Sorry dårleg bildekvalitet, har ein mobil som treng utskifting... XoP)
I dag hadde vi "lange grønsaker" til middag Bo) Vårløk i laaange, smale biter, og så sukkererter as they come. Og til slutt, det som toppa det heile; gulrottagliatelle. Når du skal lage gulrottagliatelle skreller du gulrøttene som vanleg, og når du er ferdig med det så berre fortsetter du å skrelle i så laaange strimlar du klarar med ei breidd på ca 0,5-1cm. Når grønsakene er så tynne som dette treng dei berre nokre få minuttar med damping (evt koking på svak varme i lett salta vatn) før dei er klare til å bli etne :o)
"Oooi, gulrotspaghetti!?" sa min 5-åring ;oD Kanskje syns også din(e) små at det er spennende med grønsaker når dei berre ser og/eller smakar annleis enn kva dei er vande med?
No comments:
Post a Comment