Dette tipset vann vi ein wheely-Bug for hos Libero-klubben for ei tid tilbake sidan,
så kanskje det kan vere av interesse for fleire enn berre Libero-klubbmedlemmar?
Begge våre små er veldig glade i bilder, og når dei var mindre likte dei godt å putte alt mogeleg i munnen også.. Bilder har for vane å løyse seg opp og bli øydelagde når dei blir ete på, og forøvrig tåler dei gjerne dårleg flittig handtering av små barnehender ;o)
Altså har kombinasjonen foto + barn vist seg å fungere rimeleg dårleg her i huset...
Derfor tok vi og laminerte bilder av ungane sjølv, mamma, pappa, besteforeldre, tanter, onklar, søskenbarn, venner, kosedyr og anna som ungane er glade i og likar å sjå på bilde av. Slik har bildene blitt meir hardføre og tåler både smaking og lite forsiktig handtering av dei små, nysgjerrige barnehendene. Og for at bilda skulle vere lett tilgjengelege har dei blitt liggande i leikekassa saman med alt anna som ungane dagleg styrer med.
Ein kan med fordel laminere mykje anna og for å forlenge levetida til eksempelvis teikningar som ungane har laga og som er verdt å ta vare på, diplomar frå det første kinobesøket og sikkert mykje anna også som ein vil ta vare på men som ikkje får plass i glas og ramme!
Lamineringsmaskiner og lamineringsark er ikkje så dyrt å kjøpe, i alle fall ikkje om ein vel ein rimeleg variant (men like fullt god nok til eit slikt føremål) hos eksempelvis Clas Ohlson. Det var der vi kjøpte vår, og den er mykje brukt og er framleis like god :o)
No comments:
Post a Comment