Sunday, February 27, 2011

Tid for karneval

Februar og mars er typisk karnevalstid for dei fleste barnehagar, og kanskje enkelte skular også?
Eg for min del er ikkje så glad i alle desse kommersielle prinsessene og spiderman'ane som spring rundt, og synest det er myyykje flottare med heimelaga kostymer!



Min vesle blomst <3
Enkelt kostyme med kronbladkrage
teikna og sydd for frihand.
Blada er festa til ei brei skolisse,
og er festa som ei smekke bak i nakken...


Mitt vesle blåbær <3
Bladkragen er laga på samme måte som kragen over.
Pute på magen og pute på ryggen,
festa med borrelås-reimer i sidene og over skuldrane...

og sist, men ikkje minst:

Den skumle dragen!!!
Utgongspunktet var ein grøn, einsfarga genser
og matchande strømpebukse.
Ryggdekor laga enkeltvis for frihand og sydd på halestoffet med maskin..
Hale/ryggstoffet er frå eit grønt fleeceteppe,
og er sydd på genserryggen med maskin.
Halen er vattert, for at den skal ligge fint etter golvet.
Vinger av samme stoff som ryggdekoren,
og sydd på for hand..

Dragehovudet er ein einsfarga grøn cap,
med kvite fleecetenner og auger sydd på for hand.
Antenner av av tjukt, grønt tau,
sydd fast på toppen for hand..


Lykke til med karnevalsforberedingane,
og kos deg med karnevalsfesten! :D

2 comments: